Sæbø  D.S.  Ekspedisjon
Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Laurdagsmatinè: Den røde ballongen/Den hvite hesten

8. juli 2017 - kl. 13:00 - 16:00

GRATIS filmframsyning med GRATIS is og kaffi!

Ta turen innom 1. etasje på Dampen, det gamle kommunehuset på kaia. Målsetjinga med denne etasjen er å både sjølv skape aktivitet, men også invitere andre til å lage aktivitet! Hjørundfjord Filmteater vil difor gjerne samarbeide med Dampen om framsyning av to av dei mest ikoniske kortfilmane for barn, nemleg Den røde ballongen (1956) og Den hvite hesten (1953). Her kan dei vaksne få seg gratis kaffi, og gratis heimelaga italiensk iskrem (Grundes Gelato) til alle barn. Vi skal klare å lage ekte kinostemning med utekinoutstyr inne på Dampen!

I den første filmen fylger vi ein liten gut gjennom eit 50-tals Paris der han blir ven med ein levande raud ballong! Norsk fortellarstemme, 33 minutt, tilleten for alle.

Den hvite hesten fortel om ei kvit hingst som ingen vaksne klarer å temme, men ein liten fiskargut klarer å temme dyret, og saman drar dei ut på ei reise. Norsk fortellarstemme, 36 minutt, tilleten for alle.

Hjørundfjord filmteater og Dampen inviterer med dette til vårt første lågterskel-samarbeid. Filmframsyninga er godkjend av Norsk Filmklubb-Forbund (NFK). Vi tek ikkje pengar for korkje kaffi eller is, men dei som vil kan donere pengar til det påbyrja arbeidet med å setje i stand det gamle kommunehuset – for fleirbruk av flest mogleg! Vel møtt til alle!

Detaljar:

Dato
8. juli 2017
Tid:
13:00 - 16:00

Arrangør

Hjørundfjord Filmteater
Nettstad:
https://www.facebook.com/Hjrundfjord-Filmteater-527359654083668/